Handskrifter og brev

Astrups brev og notat, fotografi, postkort og teikningar med tekst er sentrale kjelder i forståinga av kunstnarskapet hans. Arkivet har difor ein viktig funksjon i dette digitale biblioteket, med eit materialet som strekk seg frå 1890-talet og fram til Astrups død i 1928. Arbeidet er utført av KODE Kunstmuseene i Bergen i samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Spesialsamlinga ved Universitetet i Bergen. Desse har rikhaldige arkiv og samlingar med ulike kuriøse sider, og som set Astrups kunst i nytt lys. Samlinga til Sparebankstiftelsen DnB inneheld i tillegg Astrups Barne- og ungdomsteikningar, og ei rekkje teksthaldige skisser, som er i deponi hjå KODE. Materialet er tilgjengeleg i hybridvisningar med faksimilar og transkripsjonar, og i den engelske menyen vil ein òg kunne lese tekstane i engelske oversettingar.

Nikolai Astrup