«Fortida gjennom notida»

Tove Kårstad Haugsbø (f.1984) disputerte i 2015 med doktoravhandlinga ”Fortida gjennom notida: Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv ”. I avhandlinga tar Haugsbø sikte på å opne forståinga av Astrup gjennom nye og aktuelle perspektiv, som land art, performativitetsteori, mediehistorie og museologi. Nylesinga problematiserer dominansen av tradisjonelle kontekstar i kunstforståinga og det historiske vakuumet som den nasjonale forteljinga og kunstnarbiografien har skapt kring Astrups kunst.

Kårstad Haugsbø vart i 2010 tilsett som stipendiat ved KODE Kunstmuseene i Bergen, samt ved forskarutdanninga i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag, ved UiB. Stipendiatstillinga har også omfatta ein museumspraksis. Haugsbø var blant anna medkurator for KODEs nymontering av Astrupsamlinga (2011), og museets utvikling av digital utstillingsformidling med blant anna den kritikarroste Astrup-appen. Haugsbø arbeidar i tillegg med kunstfagleg formidling, og er redaktør for nettstaden www.nikolai-astrup.no.

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup