Gode ven

Brev frå Astrup i bokform

I mars 1898 skreiv 17 år gamle Nikolai Astrup eit langt brev til studiekameraten Arne Giverholt. Brevet er rikt på historier frå nærmiljøet på Jølster, samtidig som det viser nokre av utfordringane som Astrup sto ovanfor i sin draum om å bli kunstnar. Brevet er no publisert i bokform med illustrasjonar og forord av førstekonservator Tove Haugsbø.

– Det viser ein ung mann med kunnskap og sterke meiningar om kunstens uttrykk og innhald – og som med ungdommeleg djervskap er både skarp og reflektert i kritikken av etablerte kunstnarar i samtida, som Gerhard Munthe og Frits Thaulow, skriv Haugsbø i forordet til boka.

Bokserie

Astrup-senteret på KODE tek sikte på å publisere eit brev i året, fram til sommaren 2020. Utgivelsane er eit resultat av fleire års arbeid med digitalisering og transkribering av Nikolai Astrups brev og notatar. Årets bok er oversatt til engelsk av Francesca M. Nichols, som tidlegare har oversatt ei rekkje av Astrups brev.

Boka er designa av Rune Mortensen, og er mellom anna illustrert med barndomsteikningane til Astrup. Både norsk og engelsk utgåve er for sal i KODEs museumsbutikkar.

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup