Astruptunet

Sandalstrand, eller Astruptunet som det vert kalla i dag, ligg vel ei mil frå Vassenden og omlag 15 km frå Skei på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup kjøpte denne gamle husmannsplassen i 1913. Året etter flytta han inn i dei gamle husa saman med familien og budde der til han døde i 1928. Her bygde han seg ein ny heim. På det vesle gardsbruket kunne Astrup dyrke mat til eige bruk, og han la ned mykje arbeid i hagen. Mange av desse situasjonane skildrar han i bileta sine, t.d. Rabarbra og småpike på Sandalstrand (1927) og Epletre i blomst (1927). Sandalstrand er på sett og vis ei spegling av kunsten og tankane hans.

 

Ei vandring i tunet

Frå Jølstravatnet fører ein 100 meter lang svingete sti deg opp i Astruptunet. Denne bygde Astrup då han flytte hit i 1914. Like framfor Bestastova vel oppe i tunet, står det to store hestekastanjar som Astrup planta. Bestastova var ei stove mor til Engel fekk flytta frå Sunde til Sandalstrand rundt 1920. Då Besta flytta til Sandalstrand skal Astrup også ha sagt til svigermor si at ”vil du komme og bo hos oss, skal du få gjøre akkurat det du vil”.

På veg mot Kjøkkenstova passerer ein fleire av rabarbrasortane Astruptunet er kjent for. Kjøkkenstova var ei stove Astrup fekk flytta hit rundt 1916, og den fekk namnet sitt etter eit lite påbygg der det var kjøkken. Ovanfor stien ved stova ligg ein av dei mest brukte sitteplassane på Astrup si tid. Under ein stor hillar (heller), lagde han eldstad og sitteplassen som han kalla ”Grotten”.

Ved sidan av Kjøkkenstova ligg Peisestova, ei gamal årestove som vart flytta hit på 1700-talet. Dette var det første huset Astrup og familien flytta inn i. I beda framfor stova strekkjer den høge frøstjerna seg oppover veggen i sommarmånadane.

Hovedhuset var det siste byggeprosjektet til Astrup på Sandalstrand. Huset vart bygd saman av fleire gamle stover som Astrup kjøpte rundt om i bygda. I andre etasje bygde han seg atelier med store vindauge. Frå bakken og inn i den øvre etasjen bygde Astrup ei bru, men etter Astrup sin død fekk Engel bygd på mot vest, slik at ho fekk trapp opp til atelieret.

Ved husa finn ein både raudhyll og svarthyll. Bæra og blada vart tørka og brukt til te. På veg ned til kjellaren i Hovedhuset veks den kraftige Tromsøpalmen. I skråninga nedanfor desse gamle husa veks det tett med kvitpestrot, som i Jølster fekk namnet djevelrot. Om våren ser dei ut som digre lys, medan den utpå sommaren ser ut som forvokste rabarbraplanter. Ved stien opp mot tunet stelte Astrup to rogner med kunstnarhender. Desse to vart fletta rundt kvarandre. Midt i tunet er det framleis att nokre av frukttrea frå Astrup si tid, likeeins ved låvebrua inn til atelieret.

Frå Houvudhuset fører stien deg vidare opp mot endå ein sitteplass. Denne ligg ved flaggstanga, som Astrup fekk satt opp rundt 1920. På veg mot ”fjøsen”, som vart bygd opp att og opna som galleri i 1986, står ei trehes lik den vi ser i Sandalstrand (1927). Om lag 100 meter ovanfor denne, står framleis ”Astrups sju søstrer”, ei sjustamma bjørk.

Rett over vatnet ligg Bjørsetfjellet som dannar bakgrunn i fleire av måleria frå Sandalstrand. Ålhus ligg ved foten av Bjørsetfjellet, og frå sin nye heimstad hadde Astrup god utsikt til staden der han voks opp og Kleberfossen.

Solveig Berg Lofnes

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup