Ålhus

I 1883 flytta Nikolai Astrup inn på prestegarden på Ålhus i Jølster. Faren hadde fått presteembete i Jølster og her fekk Astrup sin oppvekst. Naturen og omgivnadane skulle få mykje å seie for motivvala hans seinare. Som liten gut lagde Astrup små teikningar og skisser som han tok vare på i ei mappe. Desse danna grunnlaget for mange av hans seinare bilete. Det var ikkje berre naturen som inspirerte, men også gamle tradisjonar, byggjeskikkar og gamle segner. Og ser ein vekk frå skulegang og studiereiser i Trondheim, Kristiania og Paris, budde Astrup på Ålhus fram til han fekk sitt første barn i 1911.

Eit senter i bygda
På Astrup si tid var Ålhus eit senter i bygda. Her budde lensmann og prest. Ålhus kyrkje vart bygd i 1795 og før den tid stod det ei stavkyrkje her. Ålhus hadde eigen folkeskule fram til 1903. Den låg mellom prestegarden og Ålhustunet, og er den gule bygningen svi er i biletet Sommervind og lekende barn (1913). Det første postkontoret i Jølster vart oppretta på Ålhus prestegard i 1787. Frå ca. 1860 til utpå 1930 talet var postkontoret i Ålhustunet, i det kvite huset vi ser i Astrup sitt bilete Juninatt kl. 3 (1900).

Øvrebø meieri var det første meieret her og vart bygd i 1901. I 1950 vart mange av småmeieria samla i eit større meieri, Jølster meieri. I 1994 vart dette meieriet ombygd til det vi i dag kjenner som Eikaasgalleriet. Dette huser om lag 800 kunstverk, som kunstnaren Ludvig Eikaas (1920–2010) har gjeve Jølster kommune.

Det har vore fleire butikkar i bygda. Hegrenes landhandel og A.K-Sunde på Hegrenes, og Samvirkelag og etterkvart Nærbutikk på Ålhus, den siste nedlagd i 2011. Rett over vegen for Eikaasgalleriet held Øvrebø smykkeverkstad til.

På austsida av Ålhuselva og Ålhusdalen ligg Lind-tunet, med namn etter Andreas Lind som var lensmann i Jølster 1870–1910. Frå 1890 arrangerte lensmannsfrua Katinkha Lind (1845–1943) kurs for kvinner som ville lære gamle veveteknikkar. Ho fekk m.a. Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin. Saman med Petra Astrup, mor til Nikolai Astrup, vov dei fleire av mønstra som Astrup hadde teikna for vevnad.

Magnhild Heggheim, fødd 1910, starta i 1933 eiga vevestove med fem tilsette, etter å ha gått Den Kvinnelige Industriskole i Oslo. Saman med dottera Norunn Øvrebø var denne vevestova i drift til etter tusenårsskiftet. I nabotunet hadde Synnøve Weldelboe (1908–1973) pensjonat og vevestove på 40–50 talet, med eit par tilsette. Dette huset gjekk tapt i brann i 2002.

På austsida for munninga av Hegreneselva skal Audun Hugleikson, som levde frå ca. 1240 til 1302, ha bygd ei borg. Hugleikson var den fremste statsmannen i Norge i kong Erik Magnusson si tid, og han budde på Hegrenes i Ålhus. Huset som stod på ruinane etter Audun si borg vart derfor vart kalla Borgja. Etter utskiftinga på 1930-talet vart Borgja flytta frå Hegrenes til vestsida av elva. Her var det bibliotek frå ca. 1920 til ca. 1980 og seinare vart det nytta som ungdomshus. 25. juni 2006 brann Borgja ned. Rett ved branntomta, nedanfor E39, har det blitt reist ein minnestein over Audun Hugleiksson.  Om lag halvparten av bileta til Nikolai Astrup har motiv frå Ålhus. Kleberfossen litt oppi fjellsida er eit godt kjennemerke for Ålhusbileta. Det same er motivet frå prestegården med den store haugen til høgre i bileta og Klauva, fjellet på andre sida av vatnet. Eit anna kjennemerke er det kvite huset med steinbordet i hagen. ’Hjørnestuen’ er einaste huset som er att av den gamle prestegården Astrup vaks opp på, og ligg ved nedkøyringa til Ålhus Kyrkje. Til høgre for prestegården ligg Ålhustunet, eit klyngetun som Astrup har gjengitt ved fleire høve, både i måleri og tresnitt. Motivet med soleiene og det gamle klyngetunet, skildra i lyse sommarnetter, var eit ynda motiv for Astrup.

Om lag halvparten av bileta til Nikolai Astrup har motiv frå Ålhus. Kleberfossen litt oppi fjellsida er eit godt kjennemerke for Ålhusbileta. Det same er motivet frå prestegården med den store haugen til høgre i bileta og Klauva, fjellet på andre sida av vatnet. Eit anna kjennemerke er det kvite huset med steinbordet i hagen. ’Hjørnestuen’ er einaste huset som er att av den gamle prestegården Astrup vaks opp på, og ligg ved nedkøyringa til Ålhus Kyrkje. Til høgre for prestegården ligg Ålhustunet, eit klyngetun som Astrup har gjengitt ved fleire høve, både i måleri og tresnitt. Motivet med soleiene og det gamle klyngetunet, skildra i lyse sommarnetter, var eit ynda motiv for Astrup.

Solveig Berg Lofnes

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup