Familien

Familienamnet Astrup slektar frå Astrup gård på Jylland i Danmark, men namnet kom til Noreg så tidleg som i 1707, då Niels Nicolai Astrup (1681-1714) fekk virke som fut på Sunnmøre. 

Fylgjer ein slektslinjene fram til kunstnaren Nikolai Johannes Astrup (1880-1928), finn vi stort sett embetsmenn. Christian Astrup (1844-1920), Astrup sin far, hadde til eksempel presteembetet i Jølster frå 1883, og var gift med Petra Konstanse, dotter av hanskefabrikant Peder Mørch Lodtz frå Bergen. Nikolai Astrup var eldste son i syskenflokken av fjorten barn, og det låg eit visst press på den unge Astrup sitt val av karriere. Sidan han var ein dyktig teiknar stilte likevel folk som var på vitjing i prestegarden spørsmål om han ville verte kunstnar. Men då hysja presten: ”min tanke er at Nikolai ved Guds hjelp skal bli en god prest.”  Femten år gamal reiste derfor Nikolai Astrup til Trondheim for å studere teologi og latin ved Katedralskulen. Han avla eksamen i 1897, men resultata var middels dårleg. Det var kunstnar han ville bli. Fem år seinare var han ferdig utdanna, og byrja sitt livslange prosjekt: å måle motiva frå heimstaden.

I 1906 og 1907 arbeidde Astrup med ein del motiv frå Sørsida i Jølster, og ein av stadane han måla frå var Sunde, som ligg i overgangen mellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Her røyser dei høgaste fjella i Jølster seg, og inst kjem også Jostedalsbreen krypande ned mellom fjella. Eit av motiva Astrup arbeidde med her var av Kleivefjellet, og han kalla det ferdige verket for Kollen (1906). Det er grått og kaldt i fargen, og det monumentale fjellet fyller biletflata. Vêret er surt, vatnet er dekt av is og snøflekkane ligg tunge og våte i landskapet. Og det er lite som ber preg av at biletet ber med seg ei kjærleikshistorie.

Grunna vêr og vind hadde Astrup fått låne husrom hjå ein bonde på Indre Sunde. Dottera i huset heitte Engel Sunde (1892-1966), og medan Astrup malte Kollen (1906) vart desse to kjent og kjær med kvarandre. Eit giftarmål var likevel ikkje heilt uproblematisk, sidan Engel slekta av bondestanden og ikkje av embetsmenn slik Astrup gjorde. Presten vigde dei likevel på vesle julaftan i 1907, og fram til dei fekk sitt første barn i 1911 budde dei begge i prestegarden.

Engel Astrup hadde stor innverknad på mannen og kunstnaren Astrup, noko som blant anna kjem fram i eit brev frå 1909. Her skriv Astrup at ”Jeg har ikke raad at miste hende, det var omtrent forbi med mig den gang jeg traf hende, og jeg skylder hende at livskraften den gang blusset op i mig.”  Livskrafta kan vi også spore i koloritten i bileta, som tydeleg lysnar i tida etter giftarmålet. Dei tunge, mørke skildringane, som Kollen er eit eksempel på, vart i større grad erstatta av vår- og sommarmotiv, med lettare lufttonar og fargar.

Det mest sentrale familiebiletet blant Astrup sine verk er Fødselsdag i hagen (1911-1928)Om biletet skriv Astrup at dette var siste gongen alle søskena var samla, før «vi spredtes for alle vinder». I biletet ser vi søskena samla kring steinbordet i prestegårdshagen, og ved det kvite trappegelenderet står også kona Engel i ein kvit kjole med blå rosettar. Astrup byrja truleg å måle biletet så tidleg som i 1911, og arbeidde kontinuerleg med det framover til han døydde i 1928. Sidan biletet var eit av få som stod att på Astruptunet, verkar det også som om biletet kan ha vore av særskild verdi for kunstnaren, som eit familieminne.

I 1912 kjøpte Engel og Nikolai Astrup ein gamal husmannsplass på Sandalstrand på sørsida av Jølstravatnet. Opphavleg ville Astrup busetje seg på nordsida av vatnet i nærleiken av prestegarden på Ålhus, men det var generelt vanskeleg å få kjøpt eigedom i Jølster sidan desse stadig gjekk på odelsretten i familiane. Frå Sandalstrand måtte Astrup nøye seg med å sjå barndommens motiv på avstand i landskapa på motsatt side av Jølstravatnet. Engel og Nikolai Astrup fann seg likevel til rette på Astruptunet. Tunet låg i ei bratt li og her bygde dei seg ein heim med fleire stover, fjøs og utehus, dei dreiv jordbruk og grønsaksdyrking, og saman fekk dei etterkvart 8 born. Så snart tunet hadde form som ein leveleg heim, på midten av 1920-talet, finn vi også Sandalstrand som motiv i bildene til Astrup. I 1928 døydde Nikolai Astrup av lungebetennesle i Førde, etter ein årelang kamp mot den kroniske astmaen han utvikla i barndommen.

Share on FacebookPin on PinterestTweet about this on Twitter

Nikolai Astrup